Fellesskap i kvar tone

Deltakere på Norges Musikkorps Forbunds SommerPULSE 2017 i Molde

Deltakere på Norges Musikkorps Forbunds SommerPULSE 2017 i Molde

SommerPULSE er eit av tilboda i NMF. I ei veke fekk barn og unge leike og lære rytmisk musikk saman med PULSE-teamet, som mellom anna består av etablerte musikarar frå Sør-Afrika.

– Skal du introdusere nye barn, unge og foreldre for musikkorps, så må dei få oppleve kva korps handlar om. På SommerPULSE i Molde var deltakarane mellom 5 og 15 år. Det er noko av det fine med korps, at vi møtest på tvers av alder og kjønn, seier Silvelin Havnevik, Nasjonal rådgiver i Norges Musikkorps Forbund (NMF)

PULSE er eit utvekslingsprogram mellom NMF, Fredskorpset og Field Band Foudation i Sør-Afrika. Det er eitt av fleire prosjekt i NMF som skal gjere den 100 år gamle organisasjonen meir mangfaldig. Målet er gje barn frå språklege minoritetar eit musikktilbod i fritida saman med barn og unge som allereie går i eit korps.

Samspel

– Når ikkje alle kan spele eit instrument frå før, brukar vi andre ting for å oppleve samspel. Vi har eit artig instrument som alle kan spele på. Det er ein p-buzz. Dette er eit enkelt instrument som liknar på vovosela, som mange såg under VM i fotball i Sør-Afrika i 2010. I tillegg er alle med og dansar og syng, så alle er med på å skape musikk og rytme, seier Maibulele Langa. Han er ein av deltakarane i PULSE-teamet som underviste på SommarPULSE. På spørsmål om det har vore utfordrande å inkludere barn og unge med ulik bakgrunn svarar han at utfordringane fyrst og fremst har vore musikalske.

– Støyande musikk, som perkusjon, kan vere skremande for nokon. Då gav vi dei for eksempel ein p-buzz som dei kunne spele på, seier han.

Samarbeid om rekruttering

NMF har samarbeidd med mellom anna med Redd Barna om å rekruttere barn gjennom Redd barnas prosjekt En god nabo. Redd Barna har erfaring med den målgruppa som NMF ynskjer å nå. For eksempel er det viktig å forstå at ein del av barna som kjem frå krig og flukt, kan vere engstelege for støy og at dei har behov for å bli tatt ekstra godt vare på når alt er nytt.

– Det blei ein suksess i Molde. Redd Barna kom med mange barn som fekk oppleve musikkorpsaktivitet. Dei hadde også eigne leiarar som fulgte barna til oss, og som foreldra var trygge på. Vi er avhengige av slike gode samarbeid for å få dette til, fortel Silvelin Havnevik.

Praktikantar

Det tek ikkje så lang tid å sjå kven som treng litt ekstra merksemd. Og då er det godt at nokon følger ekstra godt med og kan passe på at dei som treng det, kan få seg ein liten pause under øvingane. NMF har eit eige praktikantprogram, som er ein del av ungdomsstrategien for å utvikle og halde på unge korpsmusikantar. Praktikantane blir kursa i korleis dei kan motivere barna, korleis dei kan gje ein god beskjed og korleis dei kan handtere konflikter mellom barn.

– Praktikantane bistår PULSE-teamet når dei underviser. Det er ein veldig viktig funksjon i ei gruppe der ikkje alle deltakarane har det same språket og nokon treng ekstra hjelp fordi alt er nytt, fortel Silvelin.

Foreldre

NMF er opptatt av å nå foreldra. Når for eksempel foreldra kjem på konsert er det lurt å dele informasjon om kva det betyr å vere med i eit korps. Det er ikkje alle som veit at du ikkje treng å kjøpe eit dyrt instrument for å spele i korpset. Korpsa har instrument som dei låner ut. NMF meinar at det er viktig å vise foreldra kva frivillige organisasjonar driv med. Gjennom korpset får ein eit nettverk som er både kjekt og nyttig ta del i.

– Folk vil jo gjerne hjelpe til. Spør vi om nokon vil bake, kjem det meir kake enn vi kan ete. Vi hjelper foreldra til å snakke saman. For eksempel kan vi seie at ”Ungane dykkar spelar det same instrumentet og leikar så fint i lag. ”

NMF er også klar over at dei må følge opp med informasjon til familiar som har hatt barn på eit av FeriePULSE-tilboda. Målet er å få barna med i eit korps der dei bur, og NMF kan hjelpe til.

Internasjonale tonar frå kjøkenet

– Den største overraskinga er at det var ganske lett å gjennomføre SommerPULSE. Vi var førebudd på utfordringar når vi skulle samle barn og ungdom med ulik bakgrunn. Det er veldig motiverande å oppleve at når du er saman i same rom og byrjar å jobbe, så er ikkje ulikskapane så store likevel!

Det er ikkje berre dei som ikkje er vant med korps, som må prøve noko nytt. Alle skal få ei utfordring. Difor brukar PULSE mat for å utfordre med smak og lukt, og dei serverer for eksempel afrikansk mat. Til måltida delar dei stadig inn i nye grupper slik at alle skal få sjansen til å knytte nye relasjoner, og for å unngå at det dannar seg klikkar.

– Også kjøkenet er ein inkluderingsarena. I Molde hadde vi ei dame frå Sør-Afrika og ei lokal dame frå Molde. Dei var ganske nervøse for korleis dei skulle kunne snakke og jobbe saman med å lage mat. Det blei ein stor suksess! Dei har forlangt å få kome tilbake neste år!

Mange interessert i korps

Deltakere på SommerPULSE klatrer i trær

Deltakere på SommerPULSE klatrer i trær

– Gjennom feriePULSE får barn og unge kjennskap til korps. Dei blir kjent med instrument, og då blir det lettare å bli med i eit korps, understrekar Masibulele.

Masibulele og Silvelin har lært mykje av kvarandre. Masibulele tek med seg kor viktig det er å motivere barna til å fortsette i korpset. Eit eksempel er supertorsdag, som blir arrangert ein gong i månaden, til dømes med kake eller konsert. NMF har lært av field-banda sitt fokus på alt det du lærer gjennom korps, som tålmod, disiplin og at alle er viktige. Begge understreker at om du får barna til å bli i korpset i tre-fire år, så aukar sjansane for at dei blir med vidare, kanskje livet ut. Det er viktig å jobbe på lang sikt og at tiltak som FeriePULSE opnar vegen inn til korpsa.

-Korps er viktig for oss, for vi synst korps er best. Men det viktigaste er å delta i ein aktivitet. Det er den gode følelsen av samspel og fellesskap PULSE handlar om.

For å hjelpe korps til å inkludere breiare har NMF laga informasjonsprogram med videoar, brosjyrer og powerpointpresentasjonar. FeriePULSE er støtta av Kavlifondet, Bufdir, Norsk musikkråd og NMF sjølv.

Tekst: Ida Marie Holmin. Foto: Karoline Nordanger. 2017.